Skrivekurs for eldre Sund folkebibliotek

Oppstart: 1.februar
Kursdagar: 10 onsdagar frå februar til mai
Tid: kl 12.00 – 14.00

Lærar: Odd Sætre

Påmelding til biblioteket innan 27.januar
Max 10 deltakarar

Kostnad: Gratis

Sundfilmen

Sundfilmen

Johannes Evensen Hummelsund som skreiv på eige initiativ ”Bygdebok for Sund” i 1970, gjorde alt frå 1947 ei rekke filmopptak av folkeliv og lokal kultur i Sund. På slutten av 1970-talet vart dei beste opptaka redigert saman il ein film som fekk ei lengd på 25 min. Redigering og lydlegging vart gjort av hans kr Bukholm. Kommentarane vart lesne av Ingemund Midttveit. No er originalfilmen digitalisert og lyssett, denne gongen med best mogleg utstyr frå NRK. Johannes Evensen sine verdfulle opptak frå tida rett etter krigen framstår skarpare og med friskare fargar enn det som hittil har vore mogleg. Vi håper og trur at filmen kan vera til glede og nytte for nye generasjonar i Sund. Det kan samtidig vera ein gåve-ide til folk som har levd ei stund i kommunen eller til dei som har flytta herifrå, men som framleis set pris på røtene sine. Sundfilmen på dvd er å få kjøpt på biblioteket i Sund!

Peparkakeby også i Fjell folkeboksamling

Pedagogisk senter og Fjell folkeboksamling inviterte alle barnehagar og skuler  til å laga peparkakeby i Fjell. Kom og sjå det flotte resultatet!  Her er rekkehus, fotballbanar, telt og mange andre fine byggverk. Fleire bilete kan du sjå her

Peparkakeby-utstilling i Øygarden bibliotek

Ordførar Otto opnar peparkakebyen i Øygarden bibliotek

I dag opna den årvisse utstillinga av peparkaker og glasmåleri i Øygarden bibliotek. Ordførar Otto erklerte byen for opna og delte ut diplomar til barnehagane og skulane som har levert kunstneriske kaker. Skulebibliotekar Geir underheldt med sang og forteljing om peparkakemannen. Alle frammøtte fekk peparkaker og julebrus.
Utstillinga vert ståande til over jul og me oppmodar alle om å ta turen innom for å sjå!

Syndiker innhald