Til hovudsida Søk i samlingane: Fjell Sund Øygarden SAMSØK
Opningstider
Om biblioteka

 

Lånereglement
Bokbussen
Pedagogisk senter
Kva skjer?
Kart og bilde
Lenker
Fjell bygdebok
Skulebibliotek
 
In English In English


Liten webannonse med gul skrift og transparent bakgrunn
Biblioteksvar kan du spørje ein bibliotekar om noko via chat, e-post eller SMS.
 


Om biblioteka


Fjell folkeboksamling
består av hovudbibliotek på Sartor senter, og bokbuss. Du finn oss på høgre side når du kjem inn inngangen i Glassgården ved Sotratrappo. Sjå kart her. Biblioteket har ei avdeling for barn der vi har eventyrstunder, klassebesøk og andre arrangement. Vi har ei lokalhistorisk avdeling der litteratur frå kommunen og regionen rundt er samla. På biblioteket kan du låna bøker, tidsskrift, lydbøker, video, musikk m.m. Du kan også lesa aviser og få tak i kommunal og statlig informasjon. I vår nye Internett-kafé Vevstov@, kan du ta deg ein tur på nettet på leit etter informasjon eller underholdning. PC-ane i biblioteket kan du òg nytta til teksthandsaming. Du kan også lytta til musikk i vår musikkavdeling.
                                                                                          

   Sjå bilde frå biblioteket


 
Sund folkebibliotek
finn du på Kulturtorget i Sund senter. Vi har tilbod både til born og vaksne. På biblioteket kan du låna: Biletbøker, lettlestbøker, lydbøker til born og vaksne, video til born, faglitteratur, romanar, krim og spenning - og mykkje meir. Biblioteket låner og ut tidsskrift. 
I lokalsamlinga finn du gamle bilete frå Sund, - innsamla av FOTOAKSJONEN, kyrkjebøker på microkort, bygdebøker og anna lokal litteratur. 

På biblioteket får du og gratis tilgang til Internett.
                                                                                        
   

 

Sjå bilde frå biblioteket

   
 


Øygarden folkebibliotek
har sine lokalar i Helse- og Tenestesenteret på Rong. Biblioteket har tilbud til både born og vaksne. Forutan bøker har biblioteket: lydbøker, video, musikk (til heimlån eller avspeling på biblioteket) språkkurs, tidsskrift og aviser.
På biblioteket finn du og kommunale sakspapir og planar. I lokalsamlinga finn du m.a. 800 fot i album, kyrkjebøker frå Herdla og Manger på mikrofilm, innbundne aviser ( Vest-Gula 87-88, Vest-Nytt frå 1987), klippearkiv frå Vest-Nytt med artiklar frå Øygarden, folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna.

Biblioteket har og 2 PC med tilgang til internett for publikum.
Me har og ein pedagogisk samling der lærarar kan låna lettleste bøker, konkretiseringsmateriale og pedagogisk litteratur i engelsk, norsk og matematikk.
                                                                                           

Sjå bilde frå biblioteket


 
Fjell folkeboksamling
Boks 83
5341 STRAUME
Tlf: 55 09 69 10
Faks: 55 09 69 11
bibliotek@fjell.kommune.no

Fjell kommune

Sund folkebibliotek
Boks 104
5371 SKOGSVÅG
Tlf: 56 32 76 00
Faks: 56 32 75 01
bente.fosse@sund.kommune.no

Sund kommune

 

Øygarden folkebibliotek
Ternholmvegen, 
5337 Rong
Tlf: 56 38 22 20
Faks: 56 28 22 21
biblioteket@oygarden.kommune.no


Øygarden kommune