Fjell
"Den lille prinsen" på mange språk - utstilling i biblioteket
Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry er ei av verdas mest selde bøker. Den er oversett til meir enn 180 språk og seldt i 80 millionar kopiar. Utstillinga i Fjell folkeboksamling viser eit utval av boka på ulike språk i tillegg til gjenstandar og plakatar med motiv frå boka. Sjølv om boka tilsynelatande er skrive for barn, tek ho opp mange tema som er minst like interessante for vaksne. I Frankrike reknast den for å vera eit moderne nasjonalepos. Les meir om boka her
Inger Hagerup-utstillingar i Fjell
To utstillingar basert på dikt av Inger Hagerup i Fjell folkeboksamling for tida. Den ein er teikningar basert på diktet "Mauren" laga av kulturskuleelevar i Øygarden. Den andre tar utgangspunkt i diktet "Alle elefanter" materalisert gjennom dyrefigurar og maleri, produsert av kulturskuleelevar i Fjell.
Biblioteket på mobilen

http://www.bivest.bib.no/cgi-bin/m-fjell
Søk i basen vår, forny, reserver, m.m. med mobilen din!
Les av QR-koden, eller klikk på lenka over.
Konsert i biblioteket
Frå kulturskulen i Fjell sin konsert i biblioteket i kveld. 30 barn sang og spelte med tema Inger Hagerup. Over hundre blant publikum.
Verdas bokdag 23. april
23. april er verdas bokdag. I år får alle barn som kjem innom Fjell folkeboksamling ei lita bokdagoverrasking!





