Til hovudsida Søk i samlingane: Fjell Sund Øygarden SAMSØK
Opningstider
Om biblioteka

 

Lånereglement
Bokbussen
Pedagogisk senter
Kva skjer?
Kart og bilde
Lenker
Fjell bygdebok
Skulebibliotek
 
In English In English


Liten webannonse med gul skrift og transparent bakgrunn
Biblioteksvar kan du spørje ein bibliotekar om noko via chat, e-post eller SMS.
 


Lånereglement for Fjell folkeboksamling, Sund folkebibliotek og Øygarden folkebibliotek
   

Velkomen som lånar ved biblioteka i Fjell, Sund og Øygarden! 

Lånerett
Alle har rett til å bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester.
Utlån og bruk skal vera gratis for lånar. 
Biblioteka tek betalt for utskrifter og kopiar.   

Ein kan få lånekort ved å leggja fram godkjent legitimasjon.
Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette.

Biblioteket må få melding om adresseendringar og tapte lånekort.
Kortet skal visast fram ved lån og ved bruk av Internett. 

Lånetid
Vanleg lånetid er:

For video og cd-rom

1 veke

For språkkurs

8 veker

For bøker, lydbøker, musikk og tidsskrifter

4 veker

Video og CD-ROM er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren har ansvar for at desse vert haldne. Biblioteka er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr. Elles blir lån av video regulert av dei gjeldande reglane ved det einskilde bibliotek.

Lån kan fornyast dersom det ikkje er venteliste.      
Biblioteket har rett til å korte ned lånetida for nye bøker med 14 dagar.

Reservering
Bøker og anna materiale som er utlånt kan reserverast. Du får melding i posten når materialet kan hentast. Det må hentast innan ei veke.

Lån frå andre bibliotek
Bøker som ikkje er i samlinga vår, kan som oftast tingast inn frå andre bibliotek. Dette gjeld ikkje pensumlitteratur for studentar ved høgskular og universitet. Via Internett har vi tilgang til norske og utanlandske bibliotek sine databasar og samlingar. Ta gjerne kontakt med biblioteket ei tid før du treng litteraturen.

Lånarens plikter
Det du låner, er du ansvarleg for. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Spesielt vil vi be deg passa lånetida, slik at andre også kan få høve til å lesa bøkene/ nytta materialet.

Dersom du ikkje passar lånetida, må du betale gebyr fastsett av det einskilde bibliotek. Det blir sendt 3 varsel før rekning (erstatningskrav).

Tapt lånekort blir belasta med kr. 10,-

Brot på lånereglar kan føra til tap av lånerett.

 

 
Fjell folkeboksamling
Boks 83
5341 STRAUME
Tlf: 55 09 69 10
Faks: 55 09 69 11
bibliotek@fjell.kommune.no

Fjell kommune

Sund folkebibliotek
Boks 104
5371 SKOGSVÅG
Tlf: 56 32 76 00
Faks: 56 32 75 01
bente.fosse@sund.kommune.no

Sund kommune

 

Øygarden folkebibliotek
Ternholmvegen, 
5337 Rong
Tlf: 56 38 22 20
Faks: 56 28 22 21
biblioteket@oygarden.kommune.no


Øygarden kommune