Sund
Beste kunstnariske innslag knytt til tema i leseprosjektet
Vi gratulerer 2.klasse Skogsvåg skule og 6.klasse Glesnes skule for dei beste kunstneriske innslaga knytt til tema i leseaksjonen 2011.
Musikk- og litteraturkveld Sund folkebibliotek
Sund folkebibliotek og Folkeakademiet i Sund ønskjer velkomen til
ein kjekk kveld i biblioteket torsdag 10.november kl.19
Møt forfattar, journalist og medlem i det litterære råd Ingrid Lønnebotn og Helge Grønhaug vokalist og gitarist i De Musikalske dvergene.
Bill.kr.80
"Sjøsprøyt"
Opning av årets leseaksjonen i Sund på Telavåg skule tysdag 25 oktober kl.10.
Vi får besøk av forfattaren Bjørn Arild Ersland, som kjem frå Stavanger.
Denne hausten tek leseaksjonen i Sund utgangspunkt i kystkulturen.
Vi håper å motivere til mykje lesing, samstundes som borna kan få kunnskap om den lokale kystkulturen.
Biblissen
Barn frå 0 – 1 år med foreldre er velkomen til ei koseleg stund med song, rytme og bevegelse på biblioteket onsdag 26.oktober kl.13. Det er fint om foreldra tek med ei ekstra pute.
Forfattaren Lars Saabye Christensen m.fl.
Torsdag 16.juni kl.19Sund folkebibliotek
”men Buicken står her fremdeles”
Forfattar Lars Saabye Christensen, forfattar - og journalist i Dagbladet, Tom Stalsberg og multi-intrumentalist Stian Carstensen (trekkspill og banjo frå Farmers Market) er på tur for Arbeidslivets leseløft i regi av AOF Norge.
Gratis inngang og enkel servering.Arr. i samarbeid med folkeakademiet i Sund.






