| Nyheitsarkiv
TEATERFRAMSYNING PÅ FJELL
FOLKEBOKSAMLING
Tysdag 8.desember kl 17:30 kan du
sjå forestillingen "Ulla Krulle og den aller største
julegaven!".
Dette er ei teaterframsyning som passer for alle barn i alderen
3 - 100 år. Påmelding 55096910. Meir informasjon her.
Gratis inngang!
(04.12.09)
EVENTYRSTUNDER HAUSTEN 2009
Eventyrstundene ved Fjell folkeboksamling
startar fredag
18.september.
Liste over datoane finn
du her. Ta kontakt med biblioteket for å melde
deg på. Passar for born frå 3 år.
(17.09.09)
FØREHANDSRØYSTING VED FJELL
FOLKEBOKSAMLING
Ved Fjell folkeboksamling kan du no
førehandsrøyste til Stortingsvalet 2009, fram til og med fredag 11.september.
Godt val!
(12.08.09)
BARNEBOKVEKA VED FJELL
FOLKEBOKSAMLING
30.mars
- 4.april er det klart for barnebokveke ved
Fjell folkeboksamling. Tema er "Universet".
Det står mykje spennande på programmet. Måndag 30.mars kjem den
populære astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard for å halde ein
multimedia presentasjon.
Vel møtt til ei astronomisk veke :-)
(18.03.09)
DEN MAGISKE KAPPEN - EN REISE
GJENNOM
ISLAMSK KUNST
Kom på Fjell folkeboksamling denne månaden og sjå utstillinga Den magiske kappen. Utstillinga viser eit lite stykke islamsk kunst for barn i alderen 4-10 år.
I sentrum av utstillinga står ein paviljong i glasmosaikk. Elles byr utstillinga m.a. på vakre, knytta teppe, musikk, lydbøker og boka "En reise gjennom islamsk kunst" i 25 ulike tospråklege versjonar.
(17.02.09)
EVENTYRSTUNDER VÅREN 2009
Eventyrstundene ved Fjell folkeboksamling
startar fredag
6.februar.
Liste over datoane finn
du her. Ta kontakt med biblioteket for å melde
deg på. Passar for born frå 3 år.
(21.01.09)
SUND FOLKEBIBLIOTEK FEKK ARBEIDSMILJØPRISEN FOR 2008!
Grunngjevinga for tildelinga var: Biblioteket har jobba godt og
grundig i samsvar med Sund kommune sin visjon og kjerneverdiar og har
nådd langt ut med sine tenester til gamle og stadig nye brukarar. Dei
har og vist inkluderande arbeidsliv i praksis, med tilrettelegging for
vidare yrkesdeltaking.
(17.12.08)
VINNARANE AV GRATISLOTTERIET ER KLARE!
Barnebokveka ved Fjell folkeboksamling
er no vel i hamn.
Det har vore ei koseleg veke med fine arrangement.
Dei heldige vinnarane av gratislotteriet finn du her!
(28.11.08)
BARNEBOKVEKA I VEKE 47, 17. - 22.NOVEMBER
FJELL FOLKEBOKSAMLING Tema
for barnebokveka ved Fjell folkeboksamling er
"I gamle dagar".
Programmet finn du her.
Spennande arrangement og gratislotteri ;-)
Velkommen innom!
(12.11.08) FORESLÅ ÅRETS BIBLIOTEK 2008!
Er du godt nøgd med biblioteka i
Fjell, Sund eller Øygarden? Foreslå ditt favorittbibliotek ved å
sende mail til nbf@norskbibliotekforening.no
eller bruk skjemaet som du finn på denne
sida. Du kan gjere dette fram til 1.november.
(07.10.08)
EVENTYRSTUNDER
HAUSTEN
2008
Eventyrstundene ved Fjell folkeboksamling
startar fredag 19.september.
Liste over datoane finn
du her. Ta kontakt med biblioteket for å
melde
deg på. Passar for born frå 3 år.
(05.09.08)
UTSTILLING VED SUND FOLKEBIBLIOTEK
Frå måndag 16.juni kl.11, kan du oppleva utstillinga:
”Krig i går, i dag og i
morgon”.
Dette
er eit samarbeidsprosjekt mellom Sund ungdomsskole og Sund
folkebibliotek. Vi stiller ut nokre av bøkene som elevane har nytta.
I samband med prosjektet har elevane og skrive bokmeldingar og laga
eit formingsarbeid. Me er so heldige å ha fått nokre av desse
elevarbeida til biblioteket.
(13.06.08)
KUNSTUTSTILLING VED FJELL
FOLKEBOKSAMLING
Du kan no få
oppleve kunstnaren Oddveig Hove si utstilling
av bilete malt på steinflis og porselen. Ho uttrykkjer
naturen med vakre fargar i arbeida sine. Utstillinga vil pryde Fjell
folkeboksamling i perioden 9.juni - 14.juli.
(12.06.08)
LÅN KONSERTAKTUELLE ARTISTAR
HOS FJELL FOLKEBOKSAMLING
Som mange kanskje har
fått med seg, har me tidenes konsertår framfor oss på Vestlandet.
Fjell folkeboksamling kan tilby ei lang rekke av dei aktuelle
artistane for utlån på CD og DVD.
Vil du komme i stemning før konsertane eller lære deg songtekstar?
Ta turen innom Fjell folkeboksamling!
(29.04.08)
EVENTYRSTUNDER VÅREN 2008
Eventyrstundene ved Fjell folkeboksamling
startar fredag
15.februar.
Liste over datoane finn
du her. Ta kontakt med biblioteket for å melde
deg på. Passar for born frå 3 år.
(08.02.08)
HURTIGLÅN AV POPULÆRE BØKER
VED
FJELL FOLKEBOKSAMLING
Det er no mogleg å få låne dei mest
etterspurde bøkene på hurtiglån - 7 dagar, hjå Fjell folkeboksamling.
Høyrest det freistande ut med ei av Stieg Larsson sine 3 krimbøker? Eller kva med Ragde
si siste, Jo Nesbø, eller Drageløperen?
Ta turen innom, så kan kanskje du snike i køen! :-)
(18.01.08)
SOMMARUTSTILLING PÅ ØYGARDEN BIBLIOTEK
Denne sommaren stiller
Katrine
Risløw ut flotte, moderne måleri.
Desse er for sal. Kom innom og ta ein kikk.
REISE-DVD
PÅ FJELL FOLKEBOKSAMLING
Fjell
folkeboksamling har no fått eit godt utval av
reise-DVD, i tillegg til reisehandbøker.
God tur!
(05.06.07)
LÅN PÅ NETTET - NO OGSÅ I SUND!
No kan du låne, reservere og fornye bøker og anna materiale frå
Sund folkebibliotek på nettet. I websøket finn du også siste
nytt og kva som er sist utlånt. God fornøyelse! Gå
til websøket her.
(25.04.07)
BARNEBOKVEKA I VEKE 17 (23. - 28.APRIL)
FJELL FOLKEBOKSAMLING
Eventyrleg Barnebokveke ved Fjell
folkeboksamling.
Programmet finn du her.
(18.04.07)
Eventyrstunder
våren 2007
Eventyrstundene
ved Fjell folkeboksamling
startar fredag 9.februar.
Liste over datoane finn
du her. Ta kontakt med biblioteket for å
melde
deg på. Passar for born frå 3 år.
(19.01.07)
Nytt frå Fjell
No kan du få det nye
nasjonale lånekortet hjå oss. Kortet kan nyttast på alle norske
bibliotek.
Les meir på lanekortet.no
(21.09.06)
Jobba på Fjell folkeboksamling? Ledig
13 % stilling som laurdagshjelp ved biblioteket. Vi ønskjer oss ein
person som er fleksibel og samarbeidsvillig og med godt humør.
Søknadsfrist 9. september. For fullstendig utlysingstekst, sjå Fjell
kommune sin heimeside, Stilling
ledig.
(28.08.06)
Har du ønskje, idéar, ris eller ros?
Er det noko du saknar på Fjell
folkeboksamling?
Har du nokre idéar eller ris og ros?
Gje oss gjerne ei tilbakemelding her.
(21.08.06)
Vinnarane i Gratislotteriet 2006 er klar!
Barnebokveka 2006 ved Fjell
folkeboksamling er over.
Det har vore ei veke med mange spanande aktivitetar for dei som
var innom biblioteket.
Dei heldige vinnarane i Gratislotteriet finn du her.
(12.04.06)
Ungdomstilbod
i Fjell
Kom
og sei di meining om Ungdomsplanen i Fjell.
Kva tilbod ønskjer du i Fjell kommune?
Møt
opp i biblioteket på Sartor Storsenter
torsdag 12. januar kl. 14.00 - 16.00.
(05.01.06)
Interessert i lokalhistorie?
I lokalsamlinga på Sund folkebibliotek finn
du ei spennande samling av gamle bilete, kyrkjebøker
på microkort, bygdebøker og anna lokal litteratur.
(25.10.05)
Peparkakeby
på Øygarden Bibliotek.
Skular og barnehagar har laga flotte hus, tog
og filosofar som er stilld ut i peparkakeby.
(22.12.05)
Opent i Sund
Sund folkebibliotek opnar i dag 8. august etter
å ha vore sommarstengt. Sjå
opningstidene her.
(08.08.05)
Har du besøkt Vevstov@ i Fjell?
Her kan du låne maskinar kopla til Internett på
breiband. Sjå bilete frå
mellom anna Vevstov@ i Fjell folkeboksamling
her.
(08.08.05)
Maskotutstilling i Øygarden
Sjå
bilete frå maskotutstillinga ved Øygarden
folkebibliotek i vår. Utstillinga var eit
prosjekt i samband med den kulturelle skolesekken.
(08.08.05)
|