|
| |
|
|
|
|
|
|
|
|

ØYGARDEN KOMMUNE
Har du ønskje, idear, ris eller ros?? Ta
kontakt med skulebibliotekar på telefon eller e-post:
Telefon: 56 38 22 20
e-post:
baiba.borslien@oygarden.kommune.no
Her er nokre nye bøker til
skulebiblioteket!
 |
Berit Vatne Vik
Rop over havet
Året er 980. Eirikssønene er
drepne og Håkon jarl styrer landet. Det har vore uår, og den
tolv år gamle Torarin dreg fra Fitjar til Orknøyane for å
kjøpa korn. Far hans, Gudrød, har også bede han om å dra til
Skottland med ei gullsølje som slekta hans røva frå oldemor
til Brigitt Duncansdotter, ho som ein gong berga livet hans.
Boka handlar om usynlege trådar som er trekte over havet mot
øyane i vest, eit nett som er spunne over mange hundreår,
eit nett som også Torarin no blir fanga inn i. |
 |
Lars Mæhle
Harry og Ivar i Jumaited Statesen
Harry og Ivar er tilbake! Og det i eit eventyr villare og
meir fantastisk enn nokon kunne tru. Harry har meldt seg på
VM i plystring i Las Vegas (som han trur han enkelt vil
vinne), og er slemmere enn nokon gang! |
 |
Stein Helge Mandelid
Så kom det eit kort
Johan er ni år. Han er det eineste barnet i Krokvik.
Bestevennen hans er femti år gamle Gudrun. Gudrun fortel ei
spennande historie som startar med då ho og bror hennar
segla på dei sju hav. Broren har vore på leit etter ei
kvinne han var forelska i for lenge sidan. I eit postkort
til Gudrun seier han at han er på veg heim att. Johan har
eit stor overrasking i venta. |
 |
Linn T.Sunne
Happy
12 år gamle Mo flyttar til
ein ny stad saman med faren. Ho er godt førebudd til første
skoledagen og fortel villig vekk -ikkje minst om den
fråverande mora som er motefotograf i New York. Heime har Mo
og faren ein kameratsleg og optimistisk tone seg imellom,
men lesaren anar uråd, og gradvis slår det vellykka biletet
sprekker.
Kva er det Mo skjuler, og
kven er det eigentlig ho lurer?
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
Ingelin Røssland
Monstertanta
Julie står framfor sitt
livs verste sommar. Foreldra drar til Kreta for å prøva
å redda ekteskapet, mens Julie blir sendt på landet for
å bu hos tanta si som hatar barn. Monstertanta har sine
heilt eigne metodar for å få barn til å eta sunt og
jobba hardt
|
 |
Erna Osland
Fint å ha far
Er du ei stingsild, har
du ein far som passar på, han gøymer deg i munnen sin.
Er du ei bladhøne, tar far deg under vengene sine. Og er
du eit menneskebarn, har du den faren som er mest
oppfinnsam og kjærleg av alle. Les også Skarpe tenner,
den førsta boka i ein serie om menneske og dyr.
|
ERNA OSLAND
5.klassingane i Øygarden fekk møte Erna Osland på forfattartreff
på biblioteket 27.mars. Dette var kjekt:)
Erna Osland er festspelforfattar i 2007.
Meir om forfattaren:
http://skrift.no/osland/
http://no.wikipedia.org/wiki/Erna_Osland
BØKER AV OSLAND
Desse må du lesa.

Perfekte Par
Ligge på vinden
Skarpe tenner
|
|
|
|
LESEPROSJEKT PÅ 3. TRINN
Torsdag 29. mars vitja eg 3.trinn på Rong Skule. Dei har i det
siste lese mange bøker og skreve flotte, små bokmeldingar. Desse var
forma som sjødyr. Dei hadde limt opp fiskar, krabbar og selar på
sitt eige lille "hav". Fargerike og kjempeflotte!!!
Fleire tips på bokmeldingar for dei minste finn du
her.
Ta kontakt dersom du ynskjer malen.
|
|
"KULE OG KJEKKE FILMAR"
4.trinn på Rong har anmeldt filmar. Sjå dei
flotte filmmeldingane her.
RONG
|
BOKMELDINGAR
4.klassingane i Øygarden skal dette skuleåret
publisere bokmeldingane sine på skulebiblioteksidene.
4.klasse på Alvheim er fyrst ut. Dei har denne hausten jobba hardt
og lest bøker og skrevet bokmelding med stor iver.
ALVHEIM
BLOMVÅG
|
|
|
|
|
PEDAGOGISK SAMLING.
Me har
handla inn ein del nye bøker, spel og utstyr i den pedagogiske
samlinga på biblioteket. Ta ein kikk på listene og sjå kva du finn.
I den pedagogiske samlinga har me allereie litt utstyr og bøker som
lærarane i Øygarden kan låne.
Matematikk
Norsk
Engelsk
Naturfag
|

DAMMS LESEUNIVERS 2 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|